Om Adnestova

Adnestova er den einaste stova som står att etter eit gammalt klyngjetun som hadde over 20 bygningar fram til utskiftinga i 1863. Livsvilkåra for fiskarbonden og fellesskapen i tunet er tema for besøket i denne stova, som har stått i over 300 år på Nordre Sæle. Bygningen er halden i stand slik han stod då familien flytta inn i nytt våningshus i 1927.

Etter forteljinga er det høve til å vandra i den blomstrande kysthagen på Skredberget med utsyn over Nordsjøen.