Opplevelser og aktiviteter

Gardsmuseum

Adnestova er ei over 300 år gammal Lemstove som har stått sentralt i eit tidlegare klyngjetun på Nordre Sæle i Øygarden. Den eldste delen i sør har opphavleg vore ei årstove frå 1600-tale som seinare er påbygd med lem og fleire rom. Stova var i bruk som våningshus på bruket fram til 1927 og har stått uendra.

Nordsjøhagen

Nordsjøhagen har eit større felt med lyngplantar, og det finst over hundre artar og kultivarara som gir blomstring gjennom heile året. Det er kultivarar av Erica Carnea og Erica Darleyensis som blomstrar om vinteren og våren. Om sommaren kjem klokkelyng: Erica Tetralix, Purpurlyng: Erica Cinera og Erica Ciliaris i blomst. Talrike kultivarar av Røsslyng, Calluna Vulgaris, avløyser sommarlyngen og blomstrar fram til desember. Hagen har også meir enn hundre artar og kultivarar av Rododendron. Vårløk som Krokus, tulipanar og Narcissar står i blomst frå mars til juni. Det finst også mange blomstrande busker og tre. Bed med staudar, sommarblomstrar og urter høyrer med. På toppen av Nordsjøhagen er det eit flott utsiktspunkt mot Nordsjøen og Lyngøy.

Utstillingslokalet

Naturfoto med motiv frå kystmiljøet og kulturlandskapet på Seløy.
Utstyr frå landbruk og fiske.

Utstilling av vrakfunn frå havstrendene.
Musikalske innslag.
Under omvisinga: Songar kring Nordsjøen

Turlosing

Turar gjennom kystlandskapet til spennande havstrand og gjennom marka langs Nordsjøløypetraseen, til Hjelme gamle kyrkje. Innføring i lokal natur-, plante- og fugleliv.